Konfirmasjonsgudsteneste 2022

Nå er konfirmasjonsdatoane 2022 for Fjell, Foldnes og Landro sokn klare! Påmelding til konfirmantåret vil opne i mai.

Konfirmantar med kvit kappe som står oppstilt utanfor Fjell kyrkje.

Fjell:

  • 14. mai: Ulveset, Skålevik, Tellnes
  • 15. mai: Kolltveit (Ekerhovd), Knappskog

 

Foldnes:

  • 30.april: Brattholmen og Liljevatnet
  • 7. mai: Bjorøy og Hjelteryggen
  • 8. mai: Foldnes

Landro:

  • 7. mai: Landro (Misje)
  • 8. mai: Ågotnes, Spjeld

 

 

I utgangspunktet blir alle konfirmantane konfirmert i den kyrkja dei soknar til. Dersom den oppsette dagen blir vanskeleg, kan ein be om ei anna kyrkje eller ein annan dag.
 

Klokkeslett for konfirmasjonsgudstenesta

Det vil bli to konfirmasjonsgudstenester på kvar av datoane (kl.10.30 og kl.12.30). Kva krins som kjem tidleg og seint på dagen, vil bli bestemt etter at konfirmantane er påmeldt og vi kan sjå kor stort konfirmantkullet er.

Dette gjer det lettare for oss å fordele gruppene likt, slik at det blir best mogleg plass til familie og gjester i kyrkja på konfirmasjonsdagen.

Soknegrenser

Soknegensene mellom Fjell og Landro sokn går midt i Knappskog skulekrins. Dei som bur nord for Spjeldsundet soknar til Landro kyrkje. Resten av Knappskog soknar til Fjell kyrkje.

(Spjeld= Fløythaugen, Malenevegen, Skjergardsvegen nr. 1091-1136, Spjeldsfjellet, Spjeldshaugen, Spjeldsvegen, Vindskarvegen og Øvre Spjeld.)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"